Byttingen

Byttingen satt der i godstolen sin

sur og sær ved grua

gamal og taus og rugga seg

alle ønskte at han skulle døy

også nabofrua

Han var så gamal og taus ein kar

dei spurde vismannen

og han gav svar:

"om byttingen sei dykk kor gamal han e'

vil han døy - det e' de som skal te"

Byttingen ville ikkje daude, han ville leva evig

Byttingen satt der i god stolen sin

sur og sær ved grua

vismannen tok seg eit eggeskal

og lot som han skulle bryggja øl

og servere det til frua

Byttingen vakna med eitt så glad

stirde på ølbrygget rugga og sa:

"lenge har eg levd og sju gonger sett

skogen brenna og vekse opp

Men aldri ølbrygg i ein eggeskaltopp"

byttingen ville ikkje daude, han ville leva evig

No var det dags for han og døy, han ville leva evig