Trolltind

Vilja du høyra historia

om Trolltindane i Romsdal?

det gjekk seg slik at dei vart te'

da jotnane skulle gifta seg

-og brurefølgjet seg på ferda

Giftarmålet skulle stå

i trollkyrkja som var deira

ved foten av fjellet Romsdalshorn

alle jotnane skulle feira

Nokre av jotnane kom langvegs frå

og starta tidleg med festen

ølbollen vandra i ring blant dei

som gjekk på den brurevei

-og tida ho blei ikkje lange

Tida var gløymd og natta blei lang

dei spøkte og lo og fnisa

dess meir dei supa og lo og song

dei nærma seg umerkeleg krisa

Det tura i lag

og natt blei til dag

men med dagslyset kom også sola

det øyeblikk strålane følgjet traff

var det ikkje blant oss her på jorda

Ikkje ein jotne held seg på beina

følgjet blei som forsteina

det hjelpte ikkje å verte gal

dei står der den dag i dag