Norrøn Livskunst

Dei er mange som vil styre

tjore deg i trældom

Lat deim vita kva du meiner

um herrefolk og kongar

Fri frå yvermakt og avmakt

Slik ynskjer eg å leva

å gjera kva eg vil

med mannevit og mod

Ver din eigen hovding

i små og store saker

Slik er den norrøne læra

kunsten å leva som fri

Tvangen er urgamal

men fridomen er eldst

Lat Mjølner knuse makti

Lat føraren forstå

Eitt veit eg

som aldri vil døy

Hamaren lyft

mot tyngjande lekkjer

Eitt veit eg

som alltid vil sigra

Åsators vreide

mot framfusne jotnar