Vitets Vidd I Verdi

Massar vel massar

Vox vulgi vulgarisque

Sjøl vel eg meg burt

frå grunne dustadorer

Fri frå radioti

frå prat og mas med plonk

Popbutikk med platt lyrikk

Skit vil ingen hava

Av røyndom vart eg råka

dei smale dikts dygd

Slik skal lesingi vera

låke sjelers ligg

Eg hatar tumsutainment

Tusund timar hev dei teke

Det heile er so verdlaust

Fata det fyrr du døyr

Dei rusar seg på dumskap

tykkjer mange tyder rett

Berre massen trur på massen

Det er grøtelegt, men sant

Mobil og sigarett

held keisemdi på fråstand

Akk den arme masseladd

Eg ser han allstad

Eg vel smalgangen

for der er plassen størst

Smalhans kann eg kallast

um eg tarv eit namn

Eg gjeng mot fåmannsveldet

Vitets vidd i verdi

Dei heimlegare bokskåp

som ikkje gjev ved døri