Algir – Stien klarnar

Lat togna tale...

I stilla finn eg

vegen inn...

...til det som gror

og stiane dekkjer.

Tognas tunge

synar gamle stiar,

til den som søkjer

Algirs velde.

Vinden fer

fram, fram.

Kviskrar i trea.

Riv i meg.

Eg stig opp frå meg sjøl.

Stien klarnar,

togna talar.

Eg kallar deg

til gamle tråkk.

I kveld vil eg lytte...

...til det som gror

og stiane dekkjer.

Ravn flyg i himmelhjul,

i skogen gjestar gammel tul.